Samlesing

Men du ser ikke syk ut av Ragnhild Holmås

Den første boka vi skal samlese av favorittane frå 2020 er Men du ser ikke syk ut av Ragnhild Holmås.

Ragnhild Holmås er ein av dei navarane som har lata som i mange år. Men ho har ikkje lata som ho er sjuk, ho har lata som ho er frisk. Boka ho har skrive om dette livet er høgt elska av kronisk sjuke fordi det er så lett å kjenne seg igjen i skildringane, og den er skriven på ein måte som er lett å lese viss ein har litt begrensa konsentrasjon eller lesekapasitet.

Men det er synd om denne boka skulle forbli i samfunnet av kronisk sjuke. For denne boka kan også lesast som humoristisk samfunnskritikk, og tonen blir sett allereie i forordet, det er skrive av Anne-Kat. Hærland. Vi har gjort ein innsats for å lese om rasisme frå eit melaninrikt perspektiv. På same måte som vi har rasisme, kjønnsdiskriminering og homofobi har vi det ein på engelsk kallar ableism, på svensk funkofobi. Viss du skal lese éi bok for å låne perspektivet til ein som er kronisk sjuk, så er dette boka eg vil anbefale. Boka lykkast med å skildre livet med redusert funksjonsevne utan å bli sjølvmedlidande og bekjempar mistenkeleggjering, skam og fordommar med humor.

Ragnhild Holmås, foto: Åsmund Holien Mo

Denne boka gjev eit veldig godt bilde av korleis det er å leve med ein usynleg sjukdom. Korleis det å jobbe nokre timar kan fylle heile veka fordi ein ikkje kan gjere noko energikrevjande i dagane før og ein må kvile i dagane etter. Korleis ein først må mase for å få eit møte med NAV for så å få eit brev der dei truar med å stoppe utbetalinga viss du ikkje møter opp. Korleis det er å ikkje ha noko å seie når folk i sosiale samankomstar spør kva du jobbar med. Korleis det er å sakne alt ein får ved å ha ein jobb: Ein stad å gå til og høyre til, å ta del i det fellesskapet eit kollegium er. Å kunne bruke kompetansen sin og vere til nytte. Å meistre noko. Å vere sjølvstendig og økonomisk uavhengig.

Dei kronisk sjuke som les denne boka kjenner det i magen og hjartet, for denne boka treff alle med sjukdomsutfordringar uavhengig av diagnose. Men dei vil ikkje først og fremst anbefale den til kvarandre. Deira største ønske er at den skal bli lese av alle dei som ikkje har kjent dette livet på kroppen.

Ansvarlig for samlesingen er Anne-Stine, som du finner på Instagram som Katusj. Husk å legge til lenke for omtalen din under dette innlegget, enten du har skrevet om boken på en blogg eller på Instagram eller snakket om den på Youtube.

11 tanker om “Men du ser ikke syk ut av Ragnhild Holmås”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s